Lånekort
- Studentar og tilsette ved Universitetet i Agder bruker student- eller tilsettkort som lånekort. Studentar som følgjer kurs utan semesteravgift, kan få eit nasjonalt lånekort eller aktivere eit viss dei har frå før.
- Er du tilsett, og har eit gamalt lånekort, kan du framleis bruke det. Viss du ynskjer å bruke tilsettkortet som lånekort, kan du vende deg til avdelingsbiblioteket ditt.
- Låntakar-ID (lånekortnummeret ditt) består av hiab, hia, eller uba etterfølgt av student-/tilsettnummer ditt. Les meir.
- Andre kan få lånekort ved å vise legitimasjon. Dei må møte personleg fram i skranken i biblioteket.
- Universitetsbiblioteket i Agder (UBA) lagar også nasjonalt lånekort. Det kan du bruke på dei fleste biblioteka i Noreg. Har du eit nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek, kan du bruke det på UBA, men det må då aktiverast av personalet.
Meld adresseendringar
- Studentar melder adresseendringar i Studentweb.
- Andre melder adresseendringar til biblioteket.
Som låntakar plikter du å setje deg inn i dei gjeldande lånevilkåra. Brot på regelverket kan føre til tap av låneretten.
Studentkort
Alle studentar skal ha studentkort. Før du kan få studentkort, må du ha betalt semesteravgifta og registrert deg for semesteret. Kortet fungerer også som nøkkelkort og lånekort.



