UiA får 4,5 mill til utstyr
Kunnskapsdepartementet har ved ei saldering av statsbudsjettet funne 50 millionar kroner, skriv Stavanger Aftenblad. UiA får 4,5 million av desse, øyremerkte til utstyr.
Statsråd Tora Aasland har gjesta Trondheim og Stavanger for å fortelje at NTNU, UiS og UiA får midlar til vitskapleg utstyr. Her er Tora Aasland frå ei vitjing ved UiA i april 2008 (Arkivfoto UiA).
Tre av universiteta deler pengane, og NTNU får mesteparten, 40 millionar. UiS får 5,5 millionar.
- Vi er kjempeglade for tildelinga. Midlane kjem veldig godt med, seier rektor Torunn Lauvdal.
Kva pengane skal nyttast til er ikkje klart, men sidan UiA har brukt langt over 100 millionar av eigne midler til vitskapeleg utstyr i den nye Campus Grimstad, er det mange hol som skal fyllast.
Departementet har teke omsyn til at dei nye universiteta treng drahjelp, skriv Stavanger Aftenblad. Midlane er meinte som motivasjon, seier Tora Aasland. Til nettsidene ved UiS seier statsråden at dei nye universiteta i Stavanger og Agder er i ferd med å byggje opp infrastruktur for å auke forskingsaktiviteten. Aasland understrekar at ho ønskjer å støtte denne prosessen.
Det er ikkje lagt føringar for bruken av midlane, ut over at dei er meinte til vitskapleg utstyr.
Ved NTNU skal midlane brukast i CO2-forskinga, skriv Universitetsavisa.
- Et håndslag til UiA, meiner stortingsrepresentant Alf Holmelid (SV), ifølgje NRK-Sørlandet.



