Teknova etablerer kontor i Grimstad

Teknova etablerer frå 1. desember kontor i Grimstad. Forskingsinstituttet vil på denne måten styrkje samarbeidet med Fakultet for teknologi og realfag, og andre aktørar i Aust-Agder.

Logo Teknova

Dei nye kontora til Teknova ligg i FOU-bygget, Televeien 3. Offisiell opning blir 10. desember.

Teknova er eit teknologisk-naturvitskapleg forskingsinstitutt som skal arbeide i tett samspel med næringslivet og universitetet i Agder. Forskingsinstituttet er resultat av eit samarbeid mellom universitetet, Agderforskning og verdsleiande industriselskap med tilhald på Sørlandet. Ved å drive langsiktig forsking vil Teknova fremje innovasjon og konkurransekraft. Slik skal Teknova gi auka verdiskaping, regional utvikling og resultatforbetring i bedriftene. Teknova ønskjer å bidra til meir miljøvennlege løysingar på ei rekkje område.

UiA har ein eigarpart i Teknova.

Les meir om Teknova på nettsidene til forskingsinstituttet.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 24.11.2009
Sist oppdatert 24.11.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer