Styremøte 28. mars

28. mars avgjorde høgskolestyret fleire saker som vil ha mykje å seie for organiseringa og leiinga av høgskolen.

Mellom anna tilsatte styret dei to nye viserektorane, dekanar for fire av dei fem fakulteta og Avdeling for lærarutdanning, og fakultetsdirektørar for dei to nye fakulteta, Fakultet for teknologi og realfag og Fakultet for humaniora og pedagogikk. Styret handsama og organiseringa av administrasjonen og støttetenestene, og fastsette valordninga for val til fakultetsstyra og styret for Avdeling for lærarutdanning.

Tilgjengelege saksdokument finn ein på høgskolestyrets sider.

Publisert av Helge Simon Møll <helge.s.mollSPAMFILTER@hia.no> 24.04.2007
Del/Tips: Printfriendly version