Nybrottsarbeid i disputas

Ingeborg Mjør si avhandling "Høgtlesar, barn, bildebok. Vegar til meining og tekst" vart karakterisert som eit pionerarbeid i europeisk målestokk då ho disputerte.

SENTRALE PERSONAR var5 frå venstre hovudveiledar - professor Elise Seip Tønnessen, komiteleiar - førsteamanuensis Anne Løvland, andreopponent - professor Jon Smidt, doktorand Ingeborg Mjør og førsteopponent - centerleder Nina Christensen.

Det var førsteopponenten, Nina Christensen frå Aarhus universitet, som dro fram nybrottsarbeidet i si innleiing.

- Avhandlinga er eit pionerarbeid fordi den er den første med bildeboktema, det er den første avhandlinga i Sakandinavia med små barn under tre år som tema - og avhandlinga er den første i Europa der analysen er basert på undersøking av konkrete videoopptak av sjølve høgtlesingsituasjonen. Vidare er avhandlinga første norske bidrag til den internasjonale bildebok- og småbarnforskinga, understreka Christensen.

Og sjølv om både ho og andreopponenten, Jon Smidt frå Høgskolen i Sør-Trøndelag, sjølvsagt hadde funne noko å sette fingeren på - ellers hadde dei vel ikkje gjort jobben grundig nok - var det frå første augneblinken aldri tvil om at disputasen ville bli vellukka.

Ingeborg Mjør var den åttande som disputerte på Fakultet for humaniora og pedagogikk sine doktorgradsprogram, og den 16. doktoranden på UiA sine program i det heile.

Les meir om avhandlinga:

OVERSYN: Doktoranden ga sjølv eit oversyn over avhandlinga og arbeidet som innleiing til disputasen.

OVERSYN: Doktoranden ga sjølv eit oversyn over avhandlinga og arbeidet som innleiing til disputasen.

 DIALOGEN var god mellom doktorand Ingeborg Mjør (til venstre) og førsteopponenten Nina Christensen.

DIALOGEN var god mellom doktorand Ingeborg Mjør (til venstre) og førsteopponenten Nina Christensen.

 DOKTORANDEN forsvarte avhandlinga godt, etter det komiteen oppsummerte i si tilråing om at både prøveforelesing og avhandling vert godkjent.

DOKTORANDEN forsvarte avhandlinga godt, etter det komiteen oppsummerte i si tilråing om at både prøveforelesing og avhandling vert godkjent.

ANDREOPPONENT Jon Smidt leverte ei engasjert forestilling då han kom inn på sine spesialemne i avhandlinga. Professoren var tydeleg nøgd med svara frå doktoranden.

ANDREOPPONENT Jon Smidt leverte ei engasjert forestilling då han kom inn på sine spesialemne i avhandlinga. Professoren var tydeleg nøgd med svara frå doktoranden.

Publisert av Tor Martin Lien <tormartin.lienSPAMFILTER@uia.no> 06.12.2009
Sist oppdatert 06.12.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer