Millionar ventar på grunnforskarar
6. juni går fristen ut for å søkje midlar til forskarinitierte frittståande prosjekt frå Forskingsrådet. Forskingsdirektør Alf Holmelid nyttar høvet til å gi HiA-forskarane eit forsiktig spark bak.
- Om nokon sitt med prosjekt som kan eigne seg må dei hugse på fristen. Dei som ikkje alt er i gang har knapp tid, og bør kanskje begynne å planlegge ein søknad til neste år, seier Holmelid, som ikkje kjenner til at nokon ved HiA arbeider med denne typen prosjektsøknad nå.
Totalt er det sju ulike utlysingar av midlar til frittståande prosjekt som til saman dekkjer alle fag og disiplinar. Dette er ein av hovedsatsingane Forskingsrådet har på grunnforsking. Minstesum på søknadene skal vere minimum ein million kroner per år og maksimum tre millionar.
Sjå heile utlysingsteksten på nettsidene til Forskingsrådet:
Store satsingar
- Det er verdt å merke seg at i utlysingsteksten kjem ambisjonen frå Forskingsrådet om at dei vil ha relativt store prosjekt også innan grunnforsking tydeleg fram, seier forskingdirektøren.
Ambisjonane om dette blei tydeleggjort da Forskingsrådet omorganiserte og la fram ny strategiplan for eit par år sidan. Forskingsrådet legg stor vekt på større prosjekt og utfordrar til å skape miljø også på tvers av organisasjonsgrensene.
- Ein million kroner i året er ganske mye. Det betyr i praksis at det må vere grupper av forskarar som står bak søknadane, fordi prosjekta blir så krevjande at forskingsmiljø må utarbeide dei, det blir for tungt for einskildforskarar. Derfor går utfordringa nå til forskingsmiljøa om å gå saman og skape gode prosjekt, seier Alf Holmelid.
Miljø som ikkje er sikre på om dei er leiande på fagfeltet nasjonalt, bør vurdere å kontakte andre fagmiljø for å få til ein tilstrekkeleg god søknad.
- Med krava til prosjekt og omfang er det lite realistisk å få fram ein søknad frå nå og fram til fristen 6. juni. Men de som ikkje er godt i gang med andre prosjekt bør starte førebuingane til å leggje fram eit prosjekt neste år – vi veit jo at Forskingsrådet brukar å ha juni som frist for søknader for frittståande forskarinitierte prosjekt, seier forskingsdirektør Alf Holmelid.
Om nokon er i tvil om prosjektet eignar seg for frittståande NFR-midlar, er første bod å snakke med dekanen på fakultetet. Andre bod er å sjekke med Forskingssekretariatet.



