Om foreldre og barn i kunst og lov

Forside Bjarne Markussen: Rettshistorier. Unipub 2008

Fyrsteamanuensis Bjarne Markussen ved Institutt for nordisk og mediefag presenterer tysdag 9. desember, i Sørbok på Gimlemoen, sin studie kring forholdet mellom lov og rett og litteratur og film. ”Rettshistorier” heiter boka, med undertittelen ”Foreldre og barn i litteratur, film og lovgivning”.

Boka er eit resultat av Markussens postdok-stipend ved universitetet. Han har også fått stønad frå Forskningsrådets kjønnsforskingsprogram.

Bjarne Markussen er oppteken av forteljinga. Utan ei forteljing, at somme fortel om ein sosial eller individuell konflikt, eit viktig samfunnsspørsmål, vil det ikkje kunne bli sosiale endringar. I studien sin ser Markussen på lovgiving som regulerer familieliv og barn sine rettar, fyrst og fremst barnelovene, ekteskapslovgivinga og verjerådslova. Han undersøkjer korleis livet som dette lovverket skal regulere blir skildra i litteraturen og på film.

Førsteamanuensis Bjarne Markussen

Førsteamanuensis Bjarne Markussen (foto: UiA)

Tidsperioden er frå Nora til Nemi, skriv Markussen i forordet til studien. Altså frå Ibsens Et dukkehjem (1879) til Lise Myhres teikna striper om Nemi. På vegen er Markussen innom forfattarar og filmskaparar som Amalie Skram (Karens jul, Hellemyrsfolket), Bjørn Evje (Under loven), Gabriel Scott (De vergeløse), Agnar Mykle (Den røde rubin, Lasso rundt fru Luna), Charlie Chaplin (The Kid), Robert Benton (Kramer vs Kramer) og Trygve Allister Diesen (Tyven, tyven).

Det er lett å sjå korleis litteratur og annan kunst på slutten av 1800-talet og fyrste del av det 20. hundreåret står i nær kontakt med politisk arbeid. Ekteskapslova frå 1888 og dei castbergske barnelovene frå 1915 er viktige rettsendringar som skjer på familie- og barnelovområdet på denne tida. Diktarar var også agitatorar. Mest kjend er Bjørnstjerne Bjørnson, og det er døme på at forfattarar vende seg direkte til Stortinget i viktige politiske spørsmål. Men det var med dei litterære skildringane sine forfattarane hadde mest påverknadskraft.

I nyare tid er filmen ein viktig formidlar av endringar i kjønnsroller og behov for nye rettsreglar med nye samlivsformer og yrkesroller. Historia i Kramer vs Kramer startar opp der Et dukkehjem sluttar. Mor forlèt familien, og lèt barnet vere igjen hos faren. På 1880-tallar var dette ei handling så utenkjeleg at Ibsen blei tvinga til å skrive ein alternativ slutt til dramaet. I Kramer vs Kramer blir det barnefordelingssak, og no er det mannen som argumenterer for likeverd. Kramer vs Kramer synleggjer at det må lagast nye rettsreglar og etablerast rettspraksis som forheld seg til ein ny røyndom.

Bjarne Markussen påstår ikkje at det eksisterer enkle kausalsamanhengar mellom litteratur og andre kunstnariske uttrykk, og lovgivinga. Litteratur og film responderer på sosiale endringar og lovgiving. Rettssystemet responderer på dei same endringane, men monaleg seinare, og med openberr påverknad også frå kunstnariske og kulturelle uttrykk som litteratur og film.

Kva funksjonar har litteratur og film i rettskulturen? spør Bjarne Markussen oppsummerande i studien sin. Eit kunstverk er både ein refleksjon over lov og rett, og ein estetisk praksis som påverkar rettsoppfatningar. Litteratur og film kan vere mimetisk (etterliknande, synleggjerande), kritisk, terapeutisk eller utopisk i forhold til rettsreglane. Forteljarkunsten har større innverknad på jussen enn ein vanlegvis trur, meiner Bjarne Markussen.

Tysdag 9. desember kl. 11.30 presenterer altså fyrsteamanuensis Bjarne Markussen boka si i Sørbok på Gimlemoen.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 08.12.2008
Sist oppdatert 08.12.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer