UiA og Høgskolen i Telemark underteikner samarbeidsavtale

Tysdag underteikna Høgskolen i Telemark og Universitetet i Agder ein strategisk samarbeidsavtale. Målsetjingar om betre utdanningar, meir forsking og høgare kvalitet ligg til grunn for avtalen.

Rektor Torunn Lauvdal ved UiA og rektor Dag K. Bjerketvedt ved HiT flankert av universitetsdirektør Tor A. Aagedal (t.v.) og høgskoledirektør Nils Røttingen.

Rektor Torunn Lauvdal ved UiA og rektor Dag K. Bjerketvedt ved HiT flankert av universitetsdirektør Tor A. Aagedal (t.v.) og høgskoledirektør Nils Røttingen . (Foto: Per Magnus Holtung, Høgskolen i Telemark)

Ved underteikninga la dei to rektorane Torunn Lauvdal og Dag K. Bjerketvedt vekt på verdien dette nære samarbeidet vil ha for Agderfylka og Telemarksregionen.

Samarbeidsavtalen gjer også at tenestene kan formidlast meir kostnadseffektivt.

UiA og HiT tek sikte på å utvide samarbeidet etter kvart, men alt frå starten omfattar avtalen fagområda

  • teknologiske fag inkludert IKT
  • helse- og sosialfag
  • lærarutdanning
  • natur-, helse- og miljøvernfag, inkludert bioteknologi
  • idretts- og friluftslivsfag
  • kunstfag og estetiske fag

Felles forsking

I praksis vil samarbeidet omfatte utvikling av studieløp på tvers av institusjonane, overgangsalternativ mellom studium, utvikling av felles forskingsprosjekt, etablering og vidareutvikling av forskingssentre, utvikling av fellesgradar, og gjensidig bruk av utstyr og utveksling av personale.

Samarbeidet vil særleg konsentrere seg om forsking, forskarutdanning og mastergradsutdanning. Avtalen omfattar også samarbeid om administrative støttetenester som bibliotektenester, webpublisering, administrasjon av EU-prosjekt, IT-driftstenester, studie- og forskingsadministrasjon og økonomi- og personalforvaltning.

Samla har dei to store utdannings- og forskingsinstitusjonane rundt 13 000 studentar og 1 400 tilsette.

UIA og HIT samarbeider allereie på fleire område. No blir dette samarbeidet vesentleg styrkt og utvida.

- Vi skal likevel vere to sjølvstendige institusjonar, understrekar dei to rektorane.

Samarbeidet skal også styrkje og vidareutvikle UIA som universitet og underbyggje og fremje HiTs universitetsambisjonar. Høgskulen i Telemark arbeider planmessig for å oppnå universitetsstatus - anten aleine eller saman med andre - innan 2013.

Samarbeidsavtalen gjeld førebels for fem år.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 16.12.2008
Sist oppdatert 16.12.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer

Akademisekretær/seniorsenterkoordinator

Dette er et sjeldent gledelig initiativ som vil bidra til å styrke begge institusjoner, som får et større nedslagsfelt for foskning, utdanning og formidling og mer politisk tyngde. En gammel drøm, som blant andre min direktørkollega i det regionale høyskolesystemet, Birger Risnes i Telemark, og jeg og det regionale høgskolestyret i Agder har delt og virket for, går nå i oppfyllelse! Agder og Telemark har mye til felles, og er også komplementære, fylkenes viktigste institusjoner vil tjene på å stå sammen!