Fem stjerner av seks til uia.no
Sidan 2004 har nettstaden Norge.no gjennomført årlege kvalitetsvurderingar av offentlege nettstader i Norge. Frå 2008 er Norge.no, saman med Statskonsult og E-handelssekretariatet, ein del av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).
Vurderinga for 2008 blei offentleggjort 4. desember.
Sjølv om det framleis er arbeid som må gjerast før UiAs nettsider oppfyller kvalitetskriteria, går det framover. www.uia.no får fem stjerner på skalaen som har seks stjerner som beste nivå. I fjor fekk nettsidene fire stjerner, i 2006 tre stjerner.
Difi vurderer dei offentlege nettstadene i tre hovudkategoriar, "tilgjengelegheit", "brukartilpassing" og "nyttig innhald". I gjennomsnitt oppfyller UiAs sider 71 % av kriteria. I 2007 var 61 % av kriteria oppfylt. Av dei rundt 40 universiteta og høgskulane som har fått vurdert nettsidene sine kom UiA på ein 34.plass (dåverande HiA med www.hia.no) i 2006, på 10.plass i 2007 og på femte plass i 2008. Det er kategoriane for "tilgjengelegheit" og "nyttig innhald" som særleg har betra seg frå 2007. Nettsidene tilfredsstiller 66 % av kriteria for tilgjengelegheit, mot 52 % i 2007, og 63 % av kriteria for nyttig innhald, mot 46 % i 2007. For brukartilpassing er vurderinga uendra frå i fjor, 85 % av kriteria er oppfylt.
Dei beste nettsidene blant UH-institusjonane har i 2008, som i dei føregåande åra, Høgskolen i Bergen, som i gjennomsnitt oppfyller 85 % av kriteria. HiB er den einaste høgare utdanningsinstitusjonen som får seks stjerner. Framfor UiA på lista ligg elles Universitetet i Stavanger (76 %), Høgskolen i Buskerud, avdeling Kongsberg (74 %), og Universitetet for miljø- og biovitskap (73 %).
Direktoratet for forvaltning og IKT har også fått vurdert sine eigne nettsidene. Sidene får fire stjerner, 63 % av kriteria er oppfylt.
Rapporten kan lesast på nettsidene til Difi.



