Dette er UiA-blomen
I samband med dei årlege etatsstyringssmøta utarbeider Kunnskapsdepartementet ein offentleg rapport om verksemda ved norske universitet og høgskular. For fyrste gong blir profilar presentert som grafiske framstillingar for kvar institusjon.
Framstillingane er langs seks dimensjonar: storleik, utdanning, forsking, økonomi og ressursforvaltning, internasjonalisering og forholdet til omverda.
UiA-bloma er prega av ein relativt sterkt profesjonsprofil i utdanninga (nesten halvparten av gradsstudentane ved UIA tek korte profesjonsutdanningar), høg kompetanseprofil (mellom 50 og 60 % av det faglege personalet er tilsett i fyrstestillingar), god likviditet og gode resultat frå oppdragsverksemda. UiA kunne hatt ein større og jamnare blom om studiepoengsproduksjonen pr student hadde vore høgare, om doktorgradsproduksjonen hadde vore større, og om oppdragsverksemda hadde vore meir omfattande.
Institusjonsblomane måler storleikar i litt forskjellige former. Nokre kronblad viser til absolutte tal, som institusjonsstorleik. Andre blad viser relative tal, kor store delar ein indikator utgjer av verksemda, som profesjonsprofilen eller kompetanseprofilen. Nokre av indikatorane har eit nærmare forhold til kvalitetskriterium enn andre. Kompetanseprofilen (delen av faglege tilsette i fyrstestillingar) og publiseringsgraden er kriterium som ligg nær opptil målsetjingar for universitetet. Aldersprofilen på studentane, derimot, seier ikkje noko om studiekvalitet eller attraktiviteten til universitetet.
Kunnskapsdepartementet har lagt ut rapporten (utskrift blir ikkje tilrådd, dette er mange sider) frå nettsidene sine. Rapporten byggjer i stor grad på data som blir rapporterte til Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) i Bergen, og som blir samla i Databasen for høgare utdanning (DBH). Frå DBH kan alle dei vakre institusjonsblomane beundrast og vurderast.
Kommentarer
Lenke til større utgave av bildet
En litt større versjon kan ses på denne adressen:
http://www.uia.no/var/au/storage/images/media/portaler/aktuelt/bilder/nyhetsbilder_10-2/uia-blomsten/2772187-1-nor-NO/uia-blomsten.jpg
Skal vi bruke forstørrelsesglass på grafen?
Dere kunne vel gjort det mulig å kunne se på bildet/grafen hvertfall???




UiA-blomen
Posted by webredaksjonen 29. april 2010
Dersom du følger siste lenken i artikkelen, den til DBH, får du fine og leselige grafer over alle universitetene og høgskolene. Enjoy!