"Sein kveld" – eit uprenta dikt av Olav H. Hauge

I Dag og Tid 10. oktober hadde professor Ernst Håkon Jahr ein artikkel om eit uprenta dikt av Olav H. Hauge.

På møte i Agder Vitskapsakademi 3. september la eg fram eit uprenta dikt av Olav H. Hauge, som ein måte for akademiet å markere at Hauge ville ha fylt 100 år 18. august.

Dette diktet blei funni som eit bilete på ei internettside i 2004. Internettsida er seinare blitt borte. Diktet, eller manuskriptet slik det framstod på internettsida, var ikkje datert. Det hadde tittelen "Sein kveld".

Til 100-årsdagen i august gav Arne Skjerven og Steinar I. Bergo i Ulvik ut boka Olav H. Hauge og bygda. I denne boka er diktet "Sein kveld" omtalt som eit dikt "frå 1930-åra", og første strofe gjengitt (s. 134). Ein nokså uleseleg kopi av manuskriptet – slik det også var lagt ut på internett i 2004 – er gjengitt på s. 135 i boka. Det syner likevel Hauges karakteristiske handskrift. "Sein kveld" er eit haustdikt der eit diktar-eg lengtar etter ei kvinne eller ein mann, kanskje ein ven. Diktet knyter seg tematisk til ein del andre kvelds- og haustdikt av Hauge, som t.d. "Kveld, August" (1939) og "Haustkvad" (1941). Også i forma er det samband mellom "Sein kveld" og t.d. "Kveld, August". Dei er begge på 4 strofar med 4 linjer i kvar strofe. I båe dikta finn vi adjektivet "kveldblå" og substantiva "engjebø/engabø" og "lid", dessutan verbet "svana", pres. "svanar" (bli mindre, ta av; òg lindrast, stillast).

To moment er avgjerande for at dette diktet er skrivi mot slutten av 1930-åra. Hauge skriv seg her for "Olav Hauge", under diktet. Først tidleg på 1940-talet tok diktaren til å nytte "Olav H. Hauge".

Det peikar også mot slutten av 1930-åra at Hauge i diktet nyttar forma "tida" og ikkje "tidi" i siste linje. I mesteparten av dikta til Hauge finn vi som kjent i-mål gjennomført ("tidi", "fjelli"). Men i nokre dikt på 1930-talet og i byrjinga av 1940-talet nytta Hauge a-mål ("tida", "fjella"). I "Sein kveld" er "tida" i siste linje det einaste dømet i dette diktet på eit substantiv som kan ha –a eller –i i bunden form, men lesinga med –a er tvillaus.

Originalmanuskriptet er i dag i arkivet til Ulvik kommune, i ei av dei "eplekassane" som det har vori ein del omtale av i media. Hauge skal i si tid ha gitt eller sendt diktet til venen Gjert Vallevik (1911-64), som han blei kjend med i 1929 da dei gjekk på hagebruksskolen på Hjeltnes. Det var ikkje uvanleg at Hauge sendte dikt til venene sine for å få synspunkt frå dei. Vi veit ikkje om Gjert Vallevik gav kommentarar til akkurat dette diktet, men han tok vare på manuskriptet. Midt på 1990-talet sendte sonen til Gjert Vallevik diktet attende til Ulvik. Manuskriptet, eller rettare: kopien av manuskriptet, som eg har hatt tilgang til, er for det meste godt leseleg. Likevel er det einskilde ord der ein lett kan vere noko i tvil. T.d. les Skjerven og Bergo første linje i diktet slik, på s. 134 i boka frå i år: "Eg ynskjer ofte når eg fredlaus vandrar". Men siste ordet her er ikkje "vandrar". Her må ein lese "vankar", for ordet skal rime på "tankar" sist i linje 3. Denne lesinga er da også heilt klar.

Eitt ord er eg noko i stuss om. Det gjeld strofe 2, første linje. Her les eg "Sorgkvalt", men vil nemne at dette ordet ikkje er heilt opplagt. Arne Skjerven les her "Sorgsamt" (i ei lesing han har sendt meg, og som eg takkar for). Men det er neppe mogleg å lese "mt" i slutten av dette ordet, det kan vanskeleg vere anna enn "lt". Problemet er bokstavane mellom "Sorg" og "lt". Mitt framlegg til lesing er altså "Sorgkvalt".

 

Her følgjer da "Sein kveld" for første gong på prent:

 

Sein kveld

 

Eg ynskjer ofte når eg fredlaus vankar

å gå til deg med all min saknad att,

å skrifta alle mine løynde tankar

til deg ei klår og kveldblå stjernenatt.

 

I einsemd gjeng eg. Sorgkvalt vinden svallar

i lauv og lyng på haustbrun engjebø.

Ein vindal kveld til kvils meg kallar

og bylgjor skvalar kring ei steinut stø.

 

Eg lengtar etter deg. Og hausten rodar

i gulbrun bjørk og osp i rust og lid.

Det fargebrenn og logar yver moar

med klåre fjelldrag inn i himlen skrid.

 

I stjernenæter kjem ei ettergløding

fyrr hausten svanar i eit anna år.

Me eig ein løyndom saman. Gjenom bløding

skal tida sona alle slegne sår.

 

 

 

 


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 13.10.2008
Sist oppdatert 13.10.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer

kommentar til dikt

diktet er eit lite meisterverk,men det er i Haugeånd
Ein får klump i halsen når ein les.

Takk.