Kultur og språk over landegrensene

Professor Martin Skjekkeland ved Institutt for nordisk og mediefag ved UiA sitt Fakultet for humaniora og pedagogikk tek for seg korleis talespråket vårt vert påvirka av kontakt med andre på kronikkplass i Fædrelandsvennen laurdag 5. september.Særleg viser han korleis kontakten mellom Holland og Agder påverka dialektane på Lister frå 1500-talet og framover.

Kultur og språk over landegrensene

Av professor Martin Skjekkeland, UiA

Me høyrer det blir sagt heile tida: Me lever i ei globalisert verd, og Noreg har blitt eit fleirkulturelt samfunn. Stort sett har me alle ei felles forståing av kva me legg i desse uttrykka. Me veit at den internasjonale og fleirkulturelle dimensjonen i dag har ein sentral plass i det norske kulturbiletet. I denne situasjonen opplever me språkleg og kulturell påverknad frå mange andre land, både nære og fjerne. Innvandrarane til Noreg har gjeve oss ny kunnskap om fjerne kulturar. Rein konkret kan me t.d. nemna korleis matvanane våre har endra seg. Dei nye landsmennene våre har lært oss å lika mat med nye smakar og i nye fasongar.

Kulturimpulsane me får frå våre nye landsmenn, er likevel svake sett i forhold til alt me i dag tek imot frå den angloamerikanske kulturen. Når ein om femti eller hundre år skal skriva norsk kulturhistorie på nytt, vil ein måtta nemna 1990-talet og tiåra etterpå som eit tidsrom då engelskamerikansk språk og kultur for alvor fløymde innover landet. Engelsken kom til oss gjennom film og massemedia, datateknologi, klesmotar og poppmusikk. Engelsk språk fekk fotfeste i undervisning og forsking og innafor store delar av norsk eksportindustri. Mange meiner at engelske innslag i det norske språket, og bruk av engelsk på visse samfunnsområde er noko me må leva med i all framtid.

Her i denne samanhengen vil eg ta fram ei tidlegare bølgje av språk og kultur som rulla inn over kyststrøka på Agder for fleire hundre år sidan. Det gjeld samkvæmet mellom Holland og Agder frå ca. 1550 og to hundre år framover. Tra­fikken som oppstod mellom folk på Agder og dei hollandske kjøpmennene var ganske enorm. Heile Agder-kysten frå Risør til Flekkefjord var med på dette handelseventyret. Hollendarane kom til landsdelen for å kjøpa trelast og tømmer. Særleg var den sørlandske eika etter­trakta på grunn av den verdien ho hadde som byggjemateriale for hus og for den store hollandske flåten. Men hollendarane kjøpte òg ferdigbygde båtar. I tillegg var hollendarane interesserte i å kjøpa fleire varer nordmennene hadde å selja, slikt som huder, skinn, mose til farging, smør, talg, ull og fisk. På 1700-talet kom nye viktige eksportvarer til – sørlandsk hummar og stein til bygging av dike og vollar i Nederland.

Dei hollandske skipa som kom til landet, hadde også med seg mange varer som nordmennene kjøpte eller bytta til seg. I særleg grad gjaldt dette matvarer: Korn, salt, sild, ost og krydder. Fleire nytteprodukt, som kork og jernvarer, hadde sjøfararane òg med seg til Agder-kysten, seinare òg mur- og teglstein. Av meir luksusprega ting som hollendarane kom med, var leirkrukker, steintøy og all slags fajanse; vidare sølv, tekstilar av ulike slag og farge. Hollandske møblar (m.a. fine skatoll og kister) var også populære. Tobakk og krittpiper kom også til landsdelen vår gjennom hollendarane. I tillegg må nemnast ”det som var flytande”, det var mykje drikkevarer som blei løfta over skipssida i desse åra, både vin, brennevin og hollandsk øl (Lillehammer 2000). Mange folk frå Agder-kysten reiste til Holland for å ta seg arbeid. Njål Vere skriv i Listamålet (1993) om “Hollendertida”: “Ein kan mest samanlikna det med seinare Amerika-fart. […] Det heitte seg på Lista at mest i kvart hus hadde dei familie i Holland.”

Eit særtrekk ved utvandringa til Holland må nemnast spesielt. Det gjeld dei svært mange unge mennene frå Agder som tok seg hyre på hollandske skip. Eventyrlysten drog nok mange ut. Men for dei fleste var motivet for utreisa å tena seg opp pengar slik at dei kunne ta over gardsbruket heime. Hyrene på dei hollandske båtane var jamt over mykje høgare enn på dei norske. Svært mange jenter frå Sørlandet fekk seg arbeid som tenestejenter og hushjelper i Holland. Mange gifta seg med ein hollandsk mann, eller med ein nordmann i Holland.

Folk som hadde reist til Holland hadde kulturimpulsar med seg tilbake. Den verdsomspennande handelsmarknaden, som hollendarane representerte, sette fart i bruken av stoff og tekstil som var importert frå fjernare himmelstrøk. Mange hus i sørlandske byar blei midt på 1600-talet bygde etter hollandsk byggjeskikk. Etter mønster frå Holland fekk mange hus eige kjøkken på 1700-talet. Skorstein, og seinare komfyr og bakaromn, gjorde det mogeleg å laga andre rettar og bakverk enn tidlegare. Folk på Agder tok etter kvart til å ordna seg med små hagar rundt husa sine, også dette etter mønster frå Holland. Der sådde dei grønsaker og planta bærbuskar og frukttre. Mange buskar og planter blei importerte, for eksempel jordbær.

Sørlendingane lånte ord frå hollandsk. Mykje av Agder høyrer til det sørlandske dialektområdet som har ”blaude konsonantar”: Me seier ei pibe, å ede (eta), å bage osb. Ein del ord skil seg likevel ut ved ikkje å ha blaute konsonantar: å prate, å prute, ein døyt, kaut, staut, ei skøyte, ein sprøyt osb. Dette er ord som har kome frå Holland. Utanom desse orda kryr det av hollandske ord i språket vårt. Dei fleste av desse har blitt vanlege i norsk språk generelt, ord som: appelsin, bambus, bederva, bestefar, bestemor, bestikk, å brase, bus, børs, drill, edamer, eddik, filibuster, gauda, gut, å heise, kalkun, kaut, å knabbe, komfyr, lubben, lurendreier, løyert, nikkers, nøkkelost, singel (småstein), sjaber, sjenever, å skaffe, å skeise og mange, mange fleire.

Egdene lærte det ”moderne” sjømannsyrket av hollendarane. På bakgrunn av dette er det ikkje merkeleg at mange av dei orda våre som er knytte til sjømannslivet, har opphavet sitt i hollandsk. Eg nemner eit utval slike ord: akter, anker, bakk, baugspryd, bedding, bramrigg, bris, å buksere, båtsmann, dekk, dokk, dregg, dørk, fallreip, farty, farvatn, fokk, forlis, å fortøye, jagar, jakt, å jibbe, kai, kjetting, å kjølhale, korvett, kryssar, kuling, køy, laber, å lense, matros, orkan osb, osb.

Frå 1600-talet og utover merkar me at det kjem inn ein del hollandske personnamn i egdemåla, namn som Arnt, Adrian Bertel, Bernt, Cornelius, Claus, Didrik, Evert, Hans, Hermann, Jan, Laurits, Reinert, Vollert, Villum, Valter, Verner, Teis m.fl. Kvinnenamna endrar seg også, me får namn som Alida, Amalie, Berte, Bertine, Alette, Emma, Gesine, Gunda, Henrikke, Hansine, Juliane, Jørgine, Katrine, Susanne m.fl.

Som me ser, har sambandet mellom Holland og Agder sett merke på kulturen vår og språket vårt. Opp gjennom historia har me heile tida tatt imot kulturelle impulsar frå mange land. Resultatet av samkvæmet med hollendarane er ein god demonstrasjon av korleis me tek imot nye kulturutrykk og gradvis gjer dei til ein del av vårt eige mentale kulturlandskap.


Publisert av Tor Martin Lien <tormartin.lienSPAMFILTER@uia.no> 11.09.2009
Sist oppdatert 11.09.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer