Logg inn med fødselsnummer (11 siffer) og PIN-kode. Nye studentar finn PIN-koden på giroen for semesteravgifta. Denne koden må du ta vare på for seinare innlogging i StudentWeb. Dersom du har gløymd PIN-koden, kan du fylle inn fødselsnummeret på innloggingssida til Studentweb og klikke på 'Send PIN-kode med e-post'. Du kan og logge inn på StudentWeb med UiA-brukernavn og passord. Dersom du velgjer det, kjem du til ei Feide innloggingsside der du oppgjev brukernavn og passord og velgjer organisasjon Universitetet i Agder. Lenke til innlogging finn du på uia.no/studentweb.
Ved å klikke på spørsmålsteiknet, får du fram ein hjelpetekst knytt til den sida du er inne på. Ved å klikke på blyanten kan du endre den aktuelle oppføringa. Ved å klikke på det raude krysset, er det mogleg å slette den aktuelle oppføringa. Ved å klikke på plussteiknet, opnar du ein meny. Ved å klikke på minusteiknet, lukkar du ein meny.
Når du stadfester ein utdanningsplan der det manglar emne for dette semesteret, må du velgje inn dei emna du manglar. Trykk på 'Legg til emne', for å legge til desse emna. Trykk på blyanten for å melde deg til undervisning og vurdering/eksamen i emnet. Kva er semesterregistrering?Semesterregistrering er ei rutine du må gjere på StudentWeb i byrjinga av kvart semester. Semesterregistrering er tilgjengelig frå 10. juni for haustsemesteret og 10. desember for vårsemesteret. For nye studentar er semesterregistreringa tilgjengelig frå ca 2. august / 2. januar. Generell informasjon om semesterregistrering finn du her >>>. PIN-KODE: Dersom du manglar PIN-kode, klikk på Logg inn på Studentweb, fyll inn fødselsnummer og trykk på Send PIN-kode med e-post. Generell informasjon om utdanningsplan finn du her >>>. Viktig å hugse Det er du som student som er ansvarleg for at alle registreringar er gjort innan dei fastsette fristane. Kontroller at det står "Semesterregistrert: Ja" på startsida før du loggar ut av StudentWeb. Dersom du ikkje har betalt semesteravgift innan fristen 1. september / 1. februar, vil eksamensmeldingar bli sletta og du reiknast ikkje som student for det aktuelle semesteret. Alle fristar er absolutte dersom det ikke føreligg særskilde grunnar til forseinking. Fristar som ikkje vert halde kan få store konsekvensar, for eksempel i form av forseinkingar i studiet. Semesterregistrering steg for stegKlikk på "Semesterregistrering" i venstre meny. Studentar utan utdanningsplan kjem direkte til tredje avsnitt (Oppmeldingar). Utdanningsplan del 1Les og stadfest at du er inneforstått med Utdanningsplan del 1 dersom denne dukkar opp. Utdanningsplan del 2Dersom du har fleire aktive studieprogram, må du stadfeste utdanningsplanen for kvart einskild studium. Dei ulike utdanningsplanene er tilgjengeleg frå ein nedtrekksmeny øvst i skjermbiletet. Kontroller innhaldet i utdanningsplanen. Derom du ser noko som ikkje stemmer og som du ikkje får justert sjølv, tek du kontakt med ein studiekonsulent/studierettleiar på ditt fakultetet. Avbryt i så fall semesterregistreringa, slik at du ikkje vert registrert med feil opplysningar. Merk at å fjerne eit emne fra utdanningsplanen ikkje medfører trekk frå eksamen/vurdering (sjå neste avsnitt for trekk frå eksamen). Dersom dine emne for dette semesteret ikkje står i planen, klikk på Legg til emne på rett år/semester. Klikk deg fram til rett emnekombinasjon. Når du får opp lista med emne, klikk på Legg til valgt emne og Lukk emnevalg. No kjem du tilbake til Utdanningsplan del 2. Klikk på blyanten for oppmelding. Velg undervisningsmelding og lagre denne. Velg så vurderings/eksamensmelding og lagre. Gå så inn på Legg til emne igjen for å velgje inn neste dersom du skal ha fleire emne. Dersom Utdanningsplan del 2 er korrekt, klikkar på du "OK Lagre plan" og går vidare. OppmeldingerHer får du opp ein oversikt over kva oppmeldingar som er registrert som resultat av stadfesting av Utdanningsplan del 2. Kontrollér at du er oppmeld i alle emne du skal ha det aktuelle semesteret. Du må ha "Undervisning/Fronterpåmelding" for å få Frontertilgang og eventuelt praksis, og Vurdering/Eksamensmelding for å kunne avleggje eksamen. Dersom du ynskjer å legge til ei undervisningsmelding eller ei vurderingsmelding der dette manglar, kan du legge til dette ved å klikke på blyant-symbolet. Dersom du ynskjer å melde deg opp i eit emne som ikkje står oppført (f.eks. en ny/utsatt eksamen, eller tilleggsemne), kan dette gjerast ved å klikke på knappen "Legg til nytt emne". Skriv inn emnekoden og klikk på Finn emne. Når du har funne rett emne, klikk på Legg til valgt emne. Når du har oppretta undervisnings- og eksamensmelding, klikk Lagre. Dersom du er meld til emne du ikkje skal ta, er det viktig at du slettar desse oppmeldingane. Meir informasjon om oppmelding og trekk finn du her >>>. Annan informasjonI dei neste skjermbileta skal du kontrollere at adressa di er oppdatert, oppgje om du vil vere søkbar i katalogtjenester, velge målform og velge stemmerettstad dersom du tar emne frå fleire fakultet. Når du er ferdig kjem du tilbake til startsida.
Oppmelding til eksamen i eit emne utenom studieplanen (f.eks. utsatt eksamen eller tilleggsemne) NB! Oppmeldingsfrist er den same som fristen for semesterregistrering; 1. februar/1. september. Dersom du skal melde deg opp til eksamen i eit emne som ikkje inngår i utdanningsplanen for det aktuelle semesteret, må du gjere følgjande: Klikk på "Registreringer/endringer" Klikk på "Oppmeldinger" Klikk på knappen "Legg til emne" Søk opp emnet du vil melde deg opp i. Emnekode finn du i Studiehandboka. Merk deg at emnekode anten har 3 bokstavar + 3 tal eller 2 bokstavar + bindestrek + 3 tal. Vel emne frå søkeresultata ved å aktivere radioknappen framfor rett emne. Dersom emnet tilbys både i Grimstad og Kristiansand vil emnet vere oppført med ein parentes. Eit tall uten bokstav i parentes betyr at emnet høyrer til i Kristiansand. Eit tal i tillegg til bokstaven G tyder at emnet høyrer til i Grimstad. Klikk på "Legg til valgt emne". Dersom det vert gjeve undervisning i emnet dette semesteret, kan du leggje til undervisningsmelding. Merk deg at undervisningsmelding er naudsynt for å få tilgang til emnerommet i Fronter. Klikk på "Lagre". Du får no oversikt over oppmeldingar. Dersom emnet er oppført i oversikten, er oppmeldinga registrert. Merk deg at sjølv om emne er oppført her, er det ikkje ein garanti for at du har tilgang til eksamen. Kvart semester vert alle oppmeldinga kontrollert mot Forskrift for studier og eksamen ved Universitetet i Agder § 24. Dei som ikkje har tilgang til eksamen vil få skriftleg melding om dette. Trekkje ei oppmeldingNB! Trekkfrist er seinast 14 dagar før kvar deleksamen. Dersom du skal trekkje deg frå eit emne inneværande semester må du gjøre følgjande: Klikk på "Registreringer/endringer" Klikk på "Oppmeldinger" Klikk på det raude krysset bak det emnet du vil trekkje deg frå. Stadfest at du ynskjer å trekke oppmeldinga. Hugs at dersom oppmeldingsfristen er passert, kan du ikkje melde deg opp igjen. Du får no vist oversikten over oppmeldingar. Dersom emnet er fjerna frå oversikten, er oppmeldinga trekt. Dersom det ikkje er noko raudt kryss bak emnet og det enno er meir enn 14 dagar til eksamen, er det mogleg du må trekkje deg manuelt. Skjema for dette finst på eksamenskontoret sine nettsider: uia.no/eksamen. skjema leverast i Servicetorget. Registreringer/endringer > Oppmeldinger
All informasjon om eksamen finn du under "Innsyn" > "Vurderings- /eksamensmelding". Alle emne du er meld til vil stå oppført her. Det varierer kor tidleg informasjonen er tilgjengeleg, alt etter kva eksamensform det aktuelle emnet har. Datoar til skriftlege eksamenar vil normalt vere klar tidlig i semesteret, medan datoar på innlevering, heimeeksamen og munnleg eksamen ofte kjem noko seinare. Detaljert informasjon om kvar einskild eksamen, slik som tidspunkt, kandidatnummer og romnummer, kjem også i denne lista. Ved vanleg skriftleg eksamen vil denne informasjonen vere tilgjengeleg ca. 5 dagar før eksamensdagen. Ved innleveringsoppgåver og heimeeksamen, kan informasjonen vere tilgjengeleg så tidleg som 14 dagar før innlevering. Denne informasjonen vil parallelt verte kunngjord på Eksamenskontoret sine nettsider, uia.no/eksamen, under 'Eksamensdatoar'. Dersom det skulle vere avvik mellom nettsidene og StudentWeb, tar du kontakt med eksamenskontoret. Innsyn > Vurderings-/eksamensmeldinger
Alle resultat vert kunngjorde under “Innsyn” > “Resultater”. Sensurfristen til dei enkelte emna finn du under “Innsyn” > “Vurderings-/eksamensmeldinger”. Dersom sensurfristen er passert og det ikkje føreligg melding om forseinka sensur, kan du ta kontakt med eksamenskontoret.
Startside Startsida gjev deg ein oversikt og status på dei viktigaste tinga å huske på: Betaling av semesteravgift Semesterregistrering Stadfesting av utdanningsplan NB! Husk at desse tre punkta må være gjennomført seinast 1. september / 1. februar! Registreringer/endringarUtdanningsplan del 1Utdanningsplan del 1 inneheld sentral informasjon om ditt studium i tillegg til informasjon om dine rettar og plikter som student. Les mer >>> Menystrukturen i StudentWeb Utdanningsplan del 2Utdanningsplan del 2 gjev deg ei samla oversikt over progresjonen i studiet ditt. Les mer >>> OppmeldingarHer er det mogleg å leggje til, endre og slette oppmeldingea til både undervisning og vurdering/eksamen. Les mer>>> AdresseHer oppgjev du heimstadadresse og semesteradresse. Det er primært semesteradressa som nyttast gjennom studieåret, medan heimstadsadresse nyttast t.d. i samband med vitnemålsutsending. SamtykkeSom student kan du velgje å vere søkbar i katalogtjenester. MålformVal av målform er først og fremst ei praktisk opplysning som angir kva målform du for eksempel ynskjer å få eksamensoppgåver på. Merk deg at val av målform her, ikkje har noko med kva språk/målform du skal nytte når du skriv sjølve eksamenen. Stemmestad Dersom du har fleire studierettar, kan du velgje kva fakultet du vil å nytte stemmeretten ved. Hugs at du berre har stemmerett vei eitt fakultet kvart semester BestillingarHer kan du bestille karakterutskrift. InnsynVurderings-/eksamensmeldingerDette er en liste over hvilke emner du er oppmeldt til, tilsvarende oversikten du finner under Registreringer/endringer > Oppmeldinger. Forskjellen er at her finnes flere detaljer, slik som eksamensdato, tidspunkt, kandidatnummer og eventuelt romnummer/sted. Les mer >>> ResultaterHer finner du alle resultatene du har oppnådd ved universitetet. Les mer >>> Rapp. til LånekassenDette er en liste over hva universitetet har rapportert om deg til Lånekassen. Oppnådde kvalifikasjonerDersom du har oppnådd en kvalifikasjon/et vitnemål, vil du kunne se dette her. DokumentarkivDokumentarkivet gir deg en oversikt over hvilke e-poster og tekstmeldinger som er sendt fra universitetet til deg. BetalingNår semesterregistreringen er åpnet vil det være mulig å generere faktura for semesteravgift her. Bytte PIN-kodeDersom du ønsker å endre den tildelte PIN-koden kan dette gjøres her.
FramgangsmåteSøknad om valfri del av utdanninga skjer rundt månadskiftet oktober/november. Meir generell informasjon om valfri del av utdanninga finst på Opptakskontorets nettsider. Klikk på "Registreringer". Klikk på "Utdanningsplan del 2". Under rett Termin (den terminen dei valfrie emna skal starte) klikkar du på "Legg til emne". I emnesøketreet i neste bilete klikkar du på "Fordypning" eller "Breddevalg 3. eller 4. studieår". I neste bilete klikk på "Valg høst" - Her velgjer du "breddeeining". Du får så opp ei liste med dei emnekombinasjonane du kan søke på. Du må prioritere vala dine, som oftast tre. Når du har fylt inn prioritetane, Klikk på OK Lagre eller og Lukk emnevalg. Så må du lagre planen ved å klikke på knappen "OK Lagre plan" eller "Godkjenn plan". Om du berre har søkt på 60-studiepoengseiningar, kan du no klikke på "OK Lagre plan" eller "Godkjenn plan" og gå ut av StudentWeb. Dersom du velgjer ei halvårseining på hausten må du under vårtermin klikke på "Legg til emne" på samme måte som ovanfor og oppgi prioritetar (som oftast tre) for dei tilgjengeleg vala for vårsemesteret. Klikk på "OK Lagre plan" eller "Godkjenn plan" når du er ferdig. Det kan hende du må bruke rullefeltet til høgre for å sjå denne knappen For å sjå kva breddeeiningar du har søkt, klikk på "Utdanningsplan del 2", og sjå under "Avventer opptak" nederst på sida. Når opptaket på breddeeiningane gjort, vil du øvst i "Utdanningsplan del 2", sjå kva du har er tatt opp til. Utfyllande reglar Meir om kva regler som gjeld for opptak til valfri del av bachelorprogram, og til valgfri del av lærerutdanning. kan du lese her >>>
Kva skal jeg gjere når eg har gløymd PIN-koden, eller ikkje har ein PIN-kode? Du kan også logge deg på StudentWeb med brukernavn og passord eller klikke på Send PIN-kode med e-post i innloggingsbiletet. Er semesterregistreringa gyldig når eg har betalt semesteravgifta til annen høgskole/universitet enn UiA? Du må først vise/sende dokumentasjon på at du har betalt semesteravgift, slik at det kan leggjast manuelt inn i datasystemet til UiA. Eg får ikke meld meg til undervisning (Fronterpåmelding) på emnet?Om du ikkje får opp knappen for Undervisningsmelding på emnet, kan du ta kontakt med ein studierettleiar/studiekonsulent på ditt fakultet. Kvifor får eg meldinga "Ingen gyldig vurderingstermin" når eg melder meg til utsatt eksamen? Dette kan skuldast at den utsette eksamenen ikkje er oppretta i StudentWeb enno. Ta kontakt med Eksamenskontoret for å få status på dei utsette eksamenane, og få vite når og korleis du skal melde deg opp. Merk at det ikkje er mogleg å melde seg til utsett eksamen på StudentWeb før sensuren for ordinær eksamen føreligg. Kvifor får jeg melding om at eg ikke ligg i databasen?Det kan ta nokre dagar frå du har fått opptaksbrev til din studierett er oppdatert i vårt datasystem. Sjå elles nettsidene om Opptak.