Næringslivet brukte 17,5 milliardar kronar på eigenutført FoU i 2007. Dette var ein auke på 2,3 milliardar kronar, eller 15 prosent, samanlikna med 2006. Målt i faste prisar er det ein auke på 11 prosent. Oppgangen var klart høgare enn i EU og dei andre nordiske landa. Det er Statistisk sentralbyrås tal for FoU i næringslivet i 2007 som viser dette.
Auken på 15 prosent i næringslivet sin FoU-kostnader i Noreg i 2007 var klart høgare enn for EU-landa samla, der auken var på 5 prosent. I Norden var voksteren for Finland 10 prosent, og for Danmark 3 prosent, mens det i Sverige ikkje var endring frå 2006 til 2007.
Totalt blei det utført FoU for 37,6 milliardar kronar (førebelse tal) i Noreg i 2007, når FoU i næringsliv og U&H- og instituttsektoren blir lagd saman. Dette er ein nominell auke på 15 prosent frå 2006. Samla FoU utgjorde dermed 1,65 prosent av BNP for 2007 og har auka frå 1,52 for 2006. Til samanlikning var tilsvarande del for EU 1,83 prosent, omtrent uendra frå 2006.