Professor Hans Fredrik Hoen er vald til ny rektor ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) frå 1. august 2010.
I andre valomgangen fekk han 54,5 % av dei vekta stemmene. Motkandidaten professor Ole Gjølberg fekk 44,8 % av stemmene.
Hans Fredrik Hoen er dr.scient. frå Noregs Landbrukshøgskule (noverande UMB) frå 1991, og professor i skogøkonomi og -planlegging ved universitetet.