850.000 kroner gir Norgesuniversitetet i prosjektstøtte til eit "Internasjonalt musikkstudium i lokal kontekst" ved Universitetet i Agder. Kampen om prosjektmidlane var hard, heiter det i pressemeldinga frå Norgesuniversitetet.
I alt 20 prosjekt får støtte til fleksible studium og læringsressursar, melder Norgesuniversitetet.
Av dei 44 prosjekta som gikk vidare frå første runde, blir 20 innvilga støtte for 2011. UiA hadde to prosjekt som gjekk vidare til andre runde, men det andre prosjektet fikk ikkje støtte i denne runda. Dei fleste prosjekta går over to år.
I alt 94 søknadar på Norgesuniversitetets prosjektmidlar for 2011 kom inn, frå i alt 28 høgskolar og universitet. Dette var ei kraftig auke på heile 30% frå fjoråret.
Prosjekta skal bruke IKT til å fleksibilisere studium, utvikle digitale læringsressursar, og utvikle studium i samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet.
- Vi har fått mange gode prosjektsøknader av høg kvalitet. Dei spennande prosjekta strekker seg fagleg sett frå toppidrett via psykologi til fysikk, seier direktør Eva Gjerdrum ved Norgesuniversitetet i pressemeldinga.