Gunhild Hagestad, professor ved Institutt for sosiologi, sosialt arbeid og velferdsfag, blei gjenstand for merksemd både i VG og Adresseavisen i førre veke.
I VG 11. november kommenterer professor Hagestad funn frå NorLAG, Den norske studien av livsløp, aldring og generasjoner, som blir offentleggjord i artikkelen "Moderne besteforeldre - velferdsstatens heimevern?" i neste nummer av tidsskriftet Aldring og livsløp. Norske besteforeldre meiner i større grad enn besteforeldre frå andre land i Europa at dei bør stille opp for barnebarn når det trengst. Rundt 70 % av besteforeldra som medverkar i undersøkinga meiner dette. Tilsvarande tal for Nederland, som er landet der besteforeldra i minst grad vil stille opp for barnebarna, er rundt 30 %. Gunhild Hagestad har skrive artikkelen saman med stipendiat Katarina Herlofson ved NOVA. Artikkelen er kort omtalt på NOVA sine heimesider.
Adresseavisen har 14. november ein samtale med professor Hagestad, som er interessert i å få kontakt med femgenerasjonsfamiliar (familiar med tippoldeforeldre i live) i Trøndelag, etter ein reportasje avisa hadde i haust om ei tippoldemor i Orkdal. Adresseavisa skriv at Gunhild Hagestad, Noregs fremste generasjonsforskar, frå før har om lag 20 femgenerasjonsfamiliar frå Agder i kjeldegrunnlaget sitt. Ei tysk undersøking på femgenerasjonsfamiliar viser at det ofte er slik at bestemor blir sliten, fordi ho har to generasjonar over seg som er hjelpetrengjande. Oldemor kjenner seg ofte sett til side, fordi tippoldemor får all merksemd, skriv Adresseavisen.