Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) har no godkjend alle sjukepleiarutdanningane i Norge.
Styret for NOKUT godkjende 16. juni dei resterande sjukepleiarutdanningane i Norge. NOKUT har sendt ut denne pressemeldinga.
Kunnskapsdepartementet gjev institusjonene skryt for eit stort arbeid, etter at alle utdanningane, med unnatak av bachelorutdanninga ved Diakonhjemmet høgskole, ikkje fekk godkjenning etter gjennomgangen i 2004/2005.