Sørlandets kompetansefond delte på styremøtet 1. februar ut noko over 20 millionar kroner til 36 ulike prosjekt i Vest-Agder.
Ein tredel av desse midlane, 6,882 mill. kroner, gjekk til 8 prosjekt ved Universitetet i Agder. Tre av ph.d.-programma (internasjonal leiing, rytmisk musikk og informasjonssystem), TBM-programmet ("Teaching Better Mathematics"), Senter for entreprenørskap og Senter for innovasjon, Praxis Sør-programmet og folkehelsevitskapsmiljøet har fått midlar frå 1,5 mill. kroner til 300.000 kr.
Også næringsbedrifter i Vest-Agder, Agderforskning, Sørlandet sjukehus HF. og fleire andre kompetansemiljø i fylket har fått monalege stønad.